NTNU - Noreg sitt største universitet?
Kunnskapsdepartementet har bestemt at utvalget av høgare utdanningar skal strømlinjeformast for å bli meir oversikteleg. Det diskuterast no ei samanslåing mellom NTNU og høgskulane i Sør-Trøndelag, Gjøvik, Ålesund og Narvik.
Bakgrunn for saka og eit meir utfyllande skriv kan du lese på i eit innlegg av studentrepresentant i NTNU-styret Elise Landsem. Mesteparten av detaljane om korleis ei eventuell samanslåing vil foregå er ikkje på plass, og det er ikkje lett å forutsei kva ein fusjon vil ha å sei for oss studentar. NTNU kan ende opp med å bli Noreg sitt største universitet, og utdanningstilbodet kan bli forandra. Den endelige avgjersla gjerast den 28. januar.
Du kan bli hørt
Elise Landsem og Christian Tangene som er studentrepresentantane i NTNU-styret er to av dei som skal være med på å avgjere kva NTNU bestemmer seg for. Dei er veldig opne for innspel frå alle studentar, og Online oppfordrar alle som har ei meining om saka til å sende ein mail til styrerep@studenttinget.no, eller å ta turen innom Studenttingskontoret.