Generalforsamlinga 2015
Kanskje den viktigaste hendinga i året, Generalforsamlinga, nærmar seg med stormskritt. Kvifor skal nettopp du kome på genfors?
Mandag den 20. april går årets generalforsamling av stabelen. “Men kva er eigentleg generalforsamlinga?” lurer du kanskje på? I vedtektene til Online står det følgande:
Generalforsamlingen er linjeforeningens øverste organ og er uavhengig av gjeldende hovedstyrevedtak. Generalforsamlingen avholdes årlig i løpet av vårsemesteret. Hovedstyret har ansvar for å samle inn saker som medlemmene ønsker å ha på dagsordenen. Den ordinære generalforsamlingen skal behandle årsmelding, innsendte saker, vedtektsendringer, regnskap og budsjettforslag for neste år. De økonomiansvarlige i linjeforeningen fremlegger reviderte regnskap for generalforsamlingen. Valgkomite må velges for det neste året. Alle medlemmer i linjeforeningen har stemme- og talerett og har rett til å levere forslag til saker.
Val Noko av det mest spanande som skal skje på generalforsamlinga er val av
nytt hovudstyre. Dei som skal få det ærefulle oppdraget med å leie oss gjennom det komande året skal velgast. Kandidatane kan du sjå her. Det er sjølvsagt lov å stille til valg på generalforsamlingen, eller å benke nokon til ein stilling.
Lang kveld Det er mange saker på
agendaen, og sjølv om vi for andre gang skal bruke det elektroniske stemmesystemet utvikla av dyktige dotKom for å spare tid, er generalforsamlinga eit tidkrevande arrangement. Heldigvis har vi hyppige pauser, og det vil og bli utført felles pizzabestilling for alle som blir svoltne. Servering i form av kaffe og diverse småting blir det mest sannsynleg og. Likevel kan det være lurt å ta med ein matpakke.
Møt opp! Som du sikkert skjønar er dette ein særs viktig dag for Online, og
dermed ein viktig dag for deg. Generalforsamlinga er den dagen då alle våre medlem har direkte påvirkningskraft på korleis Online skal drivast. Møt opp og bruk røysta di!